|
PS: Trykk på linkane i margen for å sjå fleire bilder av meg og lese stamtavla mi!
|
|||||
|
Hei folkens! Mitt navn er Riccias Don Svirre-Virre, og eg kjem frå Nordfjordeid. Eg er eldst av 6 søsken, og dei finn de bilder av under sida mi om familie. På Eid koste eg meg med mamma mi, Hippie, tante Zera og onkel Caro. I tillegg fekk eg masse kos hos matmor Mette Torheim og resten av familien. Eg vart godt vant med barn, og som de vil sjå på eit bilde litt seinare, så er eg ekspert på bleieskift.... Og så fekk eg ut på tur mange gonger, og vart godt vant med å køyre bil. Her i huset er eg yngst, og eg er blitt ein skikkeleg kosegutt. Eg har fått meg både "oppdragar" og "barnevakt". Eg fann fort ut at Hugin er sjef, han likar dårleg at eg tygg på potane hans, men elles tek han seg godt av meg. Loke er blitt ein skikkeleg god leikekamerat. Vi har draleiker, kappspring og konkurrerar om kven som er raskast med å lage holer i hundegården... Mamma seier at det ikkje er lov, men eg er jo så liten enda, så det forstår eg ikkje! Loke er snart to år, og han har heller ikkje forstått det... I tillegg har eg oppdaga at eg har ein "liten" nevø her, han heiter Dante (-Fante). Han har eg møtt mange gonger no, og det er kjempekjekt, sjølv om han ofte lestar som om han ikkje ser meg. Men vi kan no leike i lag, me og. Og så har eg ei søster som har flytta til Isdalstø, berre ca. 1 mil herfra. Ho heiter Devota, og har fått kjælenavnet Pepita. Skal nok treffe ho og snart. Hurra! 8/5 -07 fekk eg melding om at eg har HD-status A. Så no kan eg fortsette å hoppe og sprette slik som eg alltid har gjort.... 2008 har vert eit travelt utstillingsår for meg. Mutteren kan ikkje springe, så Birte Vollset har vert så snill å trene med meg og vert handlar for meg på utstillingane. Birte er berre kjempegøy å vere sammen mer! Ho har lommene fulle av godbitar, og eg får i rikeleg monn berre eg står fint. Akkurat som om det er så vanskeleg... Alle hundar kan vel stå på fire? Og så er det kjempegøy å springe i ringen! I mars vart det forresten kjempeoppstyr. Vi hadde vert i ringen ein gong, men måtte innatt gong på gong, og tilslutt fekk vi masse sløyfer og lappar. Etterpå tok dei bilder av med med masse rart hengane i krøllane mine, og jubla over noko som heiter CACIB. Menneskene er sprø av og til!!! Og no i august blei eg Norsk Utstillings Champion :-) 31. oktober: HT-diagnostics: Normal, eg har ikkje The juvenile epilepsy mutation.
Helser til alle søskena mine, og mamma og dei andre på Eid!
|
|||||
![]() |
![]() I farta, som vanleg....
|
||||
| Til toppen | |||||