Eg har krabba oppi
her heilt aleine!

PS: Trykk på linkane i margen for å sjå fleire bilder av meg og lese stamtavla mi!
 

Fødd 24. mai 2004


Loke i full fart i
hundegården vår.

Hei folkens!

Eg heiter Sagvoldhaugens Loke, og  flytta inn her i familien sommaren 2004.  Hugin, tante Gro og Mamma kom heilt til Verdal for å hente meg 18 juli.  Mamma og Pappa var og helste på meg to veker før, så eg kjente att Mamma då ho kom, eg sprang så fort eg kunne, og var først av alle i søskenflokken min (vi er 10 stykker) som kom fram til ho!  Og då er det jo klart at Mamma ikkje kunne motstå meg.  Vi var seks guttar i flokken, så det var ikkje så lett å skjønne at det var meg ho skulle ha.  Der var ho litt treg, altså!
 
Turen sørover var veeeeldiiiiig lang. Til å begynne med låg eg på fanget til tante Gro, men etter ei stund fekk eg bak i hundeburet til Hugin.  Heldigvis hadde han ikkje noko imot det, så eg låg der resten av vegen.  Vi hadde mange stopp, slik at eg fekk ut og lufte meg, drikke litt og ete littegrann.

Og no (mai 2006) er eg blitt storebror og.  Vi har fått ein liten gutt i familien som heiter Svirre-Virre.  Han er veldig fin å leike med, og lett og erte opp...  Og så elskar han å leike "grevling".  Snakkar noko om at han leitar etter sopp?   Heldigvis har familien min tid til å kose med oss alle tre, så vi "gamle" er ikkje blitt sjalu på småen. 
 

Og så vil eg helse til mamma Toya, pappa Zebb, søskena mine og familien min i Verdal!