Side 1 - 2

No er eg blitt 6 år! Stor gutt!!!  Vi hadde tidleg sommarferie i år, så allerede 3. juni reiste vi nordover mot Lofoten.  Dei fleste bilda ligg for seg sjølv under "Sommarferie 2007", men eg vil no ha med litt bilder frå MIN ferie og.  Vi hadde det veldig kjekt, Tante Grethe, Kenzo og Dante(fante) var med og.  Det blei lange turar både morgon og ettermiddag, ofte på fjellet.  Det einaste dumme er dette båndet fatteren absolutt må bruke.  Skulle tru at han snart er så gammal at han kan klare seg uten å holde fast i meg :-)  Eg kunne godt tenkt meg å springe litt fritt på fjellet...  Masse gøy å finne på der!  Men nok skriving, me går heller over til livet mitt i bilder:
 

Her er vi komt opp
til Bygdin, og no
skjønnar de vel
kva eg meinar
med bånd...
Han kan visst ikkje
gå eit steg uten
å holde seg i oss.
Dovre.Me kan jo
berre drømme om
alle dei fjørkledde
rypene borti her!
Heldigvis får eg
kjølt meg litt ned.
Men båndet tør
han ikkje sleppe.
Her har eg vakt
ved bilen.
Her er eg i Tante
sin bil, og sjekkar
at alt er OK.
Nøklane på plass..
Klar for tur på
Steinkjer. Trim-
løypa låg like ved
campingplassen.
Ikkje vær så treg
då, Loke.
Sjå opp! Eller ned!
Her gjeld det å
ikkje snuble
i Polarsirkelen!
Lofoten! Godt å
ha ein liten
hybel for
kjølige kveldar!
Her nyt me
finværet på
Ørsvågvær
Camping.
Tante er visst
ikkje så god i
Yatzy....
Den raskaste
vegen frå førar-
setet til salongen?
Rolig, guttar,
eg berre låner
tante Grethe litt.
Her er det fint
å sove middag!
Her skal vi
sprekingane på
tur til fyret i
Henningsvær.
No er vi komne
til Å, og vegen
går visst ikkje
lenger?
Litt uenigheit
om kvar det
beste motivet er?
Men det er visst
flott i alle
retningar her!
No er det eg
som har over-
teke styringen!
Er det ingen som
vil spele Yatzy?
Den båten kom
litt vel nærme
oss!
Her har vi ein
liten stopp i
Narvik.
Og kven har
ete av skåla mi?
Den er jo nesten
heilt tom.
Her er vi komne
til Saltstraumen.
Eit oversiktsbilde
teke av tante
Grethe.
Her dreg vi
fatteren opp til
eit utsiktspunkt
i Meløy Kommune.
Og derifrå kunne
me skimte
Svartisen.
Av og til var det
litt kaldt om
kveldane....
Ut på tur, aldri
sur!  Kom igjen,
fatteren!!!
Her campar me i
Sandnessjøen.
Kosestund med
Mi mamma!
Det var visst sju
 søstre rett bak oss..
 Såg ikkje dei, eg.
Så langt, men
ikkje lenger...
Endeleg har dei
forstått at eg vil
ha eigen stol.
Litt ujevn sti frå
sørsida og opp
til Torghatten.
Det ser ut til at
ein eller annan
går feil veg?
Kenzo og eg
ventar på
frokost!!!
"Den som sover"
osb...
Å stå i band er
noko "herk".
No er vi på veg
opp Sognefjellet.
Her pleier vi alltid
å få nysteikte
pannekaker!
Ta meg med inn!
Eg vil ikkje stå
her ut og vente
på maten.
 
Her er me komne
til Gudvangen.
Det betyr at me
snart er heime.
Tusen takk for
kjekt følgje i
ferien, alle tre!
(Det står ein
under bordet..)
Borte bra, men
sofaputene
heime er best!!
  Side 1 - 2

Til toppen