Side 1 - 2
 



På 3-årsdagen min, 28. mai,
reiste vi til Hemsedal på Pinseferie.
Vi var til saman 7 firebeinte
og 11 tobeinte!  Det kallar eg
skikkeleg bursdagsfeiring !

 

Her syner fatteren kor sterk han er...       Og her syner eg kor fin profil eg har...
Her tek Zanko, Eliza
og Topsy snøbad.
Kurt og Zanko
har kaffipause.
Solfrid, Zanco,
Johnny, Karin,
Olav, Topsy, Kurt 
og Ally.
 
Gro, mutteren,
Kenzo og Grethe.
Er det ikkje snart
haust så eg får
springe fritt på
jakt !!!!!!


På ferie hjå Tante Herdis i Valdres 5 - 7 juli -04

Er ikkje vi flinke
å sitte fint? Men så
er det ei rypevinge
litt høgre oppe..
Endeleg er det
eg som er høgst!
Og vinga er mi
ei lita stund!
Eg veit at du har
ei rypevinge her
oppe, tante Herdis.
Bra at du skjønte
hintet! Endeleg
er det min tur
heilt aleine.
Men du får den
ikkje att før eg
må gi den fra
meg, altså!
  Bildet er uklart,
men rypa er mi!!
Men det går an
å få tak i den
fleire gonger!
Men no ser det
ut til at leiken
er over for
denne gong.
Her er Cetina's
Dame, tante Herdis
kallar ho for Håpet.
Og eg vart veldig
forelska i Dame!
Her er det Dame
og nabohunden
Punky som
leikar seg.
Dette er CC,
halvbror til
Loke som har
flytta inn til
meg i sommar.
Her er vi på tur på
Slettefjellet. Med oss
har vi CC og Dame
Foto: Herdis Unneland
Enda eit bilde av
oss fem på
Slettefjellet.
Foto: Herdis
Her står eg med
mamma og CC
og Dame med
Herdis

HENTING AV SAGVOLDHAUGEN'S LOKE 17. - 18. JULI 2004

Her bur vi på hotell i Verdal. Tante Gro forar meg med kylling sidan eg ikkje har ete i heile dag. Hjelp!  Alle desse skal vel ikkje vere med heim til meg??? Takk og pris, mamma seier at vi berre skal ha ein av dei med oss. Ho holdt ord, berre ein kvalp!  Folkens, dette er lillebror Loke. Veit ikkje heilt kor interessant  han er enda.. Det er like godt å roe ned litt, kanskje han reiser tilbake til Verdal viss eg snur ryggen til han.
Kanskje det er tante Gro sin kvalp? Ho likar jo å kose med han og ha han på fanget! Kva skjedde no?  Kvifor la du han inni her, tante Gro? Du var jo så flink til å ha han på fanget! Hei småen, kan du flytte deg lenger bak i buret? Eller gå ut? Hei Loke, sjå til å finne roen! Skal vi køyre like langt i dag som i går, så bør du legge deg ned. Sånn, ja! Flink gutt! Men la det no vere att litt plass til meg og.  Det er jo tross alt mitt bur!

HEIME IGJEN, JULI MÅNED

Det var visst ikkje Tante Gro sin kvalp. Det ser heller ut til at det er min.... Han er no skjønn og, på litt avstand! Men det er no kjekt å ha sofakroken for seg sjølv, då! Her er Bjørn Rune, Loke og eg i hagen til Mormor og Bestefar, og eg er fremst !!! Det er meg de har kalla for "Pitteliten", så eg og vil bærast!
Her er vi på besøk i Alvermarka, og Pia har overteke jobben som barnejente. Men Pia er jo søt, då, så eg veit ikkje om eg skal overlat ho heilt til Loke. Veit ikkje Pia og Loke at kattar skal jagast? Uff, barnepassar i kveld igjen! Men Loke er no ein snill liten gutt, heldigvis! Men det er no godt å ha ein kamerat å sove ved sida av att!

TINDRA OG METTE PÅ BESØK

Her er Tindra på besøk hos oss!  Ho har vokst mykje sidan sist eg såg ho. Vi, Loke og eg, samarbeidar og sjekkar Tindra i kvar sin ende... To fuglehundar i glad leik, ikkje så lett å ta bilde av... Tindra er no snill og, og vaskar meg i munnvika. Kanskje det var nokre smular der etter middagen? Får vel stelle litt fint med veslejenta før ho og Mette går heim!

Katrine Kjørlaug trenar litt lydigheit med meg mens eg ventar på å gå AG Her er eg i farta med fatteren igjen! Her prøver Mamma å få "englebarna" sine til å sitte fint.. ..og etter sånne anstrengelsar treng vi ein god kvil. Og så treng småen litt leik og litt oppdragelse!
Her har vi ei kosestund med pappa på sofaen. Og her kosar vi oss i lag. Her står eg på terrassen min og passar på naboen. Og så er det "Loke-Floke" som vil ha oppmerksomheit heile tiden ! Loke får dele matskåla mi med meg, så får eg heller hjelpe han med hans skål ettepå.
Side 1 - 2
 
Til toppen