![]()
PS: Trykk på linkane i margen for å sjå fleire bilder av
meg og lese stamtavla mi!
![]() |
||||
|
Eg er fødd 28. mai 2001 på Ryfoss i Valdres. Far min heiter Bjønnålias Trym, og mora mi heiter Nevertoppen’s C Huldra. Fordi eg ikkje har kennelnavn, så meinte einkelte i den nye flokken min at eg måtte ha to navn, så derfor vart navnet Helten Hugin. Ganske bra, ikkje sant ??? (Andre forslag var Twin Turbo, Garm, Tjatse, Ratatosk og Løken Loke, så eg var ganske heldig med tanke på kva dei elles kunne finne på og kalla meg....) Elles er eg blitt godt motteken i den nye flokken min. Dei tobeinte (spesielt mamma) kan visst kose med meg dagen lang, men det er vel ikkje så rart, så nydeleg som eg er ! Og nå er dei kjempefornøyde med meg, for etter ei veke vart eg noko som kallas for ”husrein”, og det er visstnok bra. Trur det har noko med at eg spring til døra når eg skal det ”unevnelige”... Dei firebeinte er eg og blitt gode venner med. Trym var liksom sjefen her, han hadde eit ord med i laget dersom det blei for mykje bråk inne. Då kom han berre bort og såg på Fenris og meg, og då visste vi at det var best å legge seg ned og ta det med ro ei lita stund. Men no er Trym borte, så det er litt rart her i huset for tiden. Når eg var glad, så pleide eg å ha ei lite Trymme-øyre å bite, men det har eg då ikkje lenger. Fenris og eg hadde og fint i lag. Han var snill og er ikkje så altfor vill med meg. Og når eg hadde terga han for mykje, så tok eg ”rennafart” innatt i stove til mamma.... Der er det trygt! Han hadde forresten eit lite sting i det eine øyra, og for at fatteren skulle sleppe bryderiet med å fjerne det, så tok eg jobben nokre dagar før tiden... Og så lærde dei meg å tigge. Vi lokka mamma ut på kjøkkenet og stirra på det skapet ho har godbitane i, og kven kunne motstå tre så fine hundar som oss? Ingen! Dessverre er begge desse to vekke no. Eg har vert på utstilling og. Det gikk kjempefint. Eg vart BIR og BIG. Det er vel bra jobba, for eg var berre 4 månader og 2 dagar på utstillingsdagen! Og så har eg gått på kvalpekurs. Det var litt kjedeleg å måtte vente på tur når vi skulle ha innkalling, så eg måtte mase meg fram i køen! Det er jo så kjedeleg å stå og vente! Men elles gikk det bra. Eg har gått på agility-kurs og. Det var skikkeleg moro, men det vart altfor mykje venting der og. Skulle hatt ei bane i hagen heime, for mamma seier at eg ikkje eig køkultur. Veit ikkje kva det betyr, og det samme kan det vera, berre eg slepp å venta! Elles er eg blitt ganske oppfinsom, seier mamma. Viss ho prøver å sove lenge ein dag, så sler eg på taklyset på soverommet, og då skal eg sei at det blir liv i huset. Har fått litt kjeft for det. Så for å sleppe at mamma blir sur på meg om morgonen, så har eg no funne ut korleis eg kan trekke frå gardinene. Det virkar det og, eg får full respons, og frokost ganske fort! Og så har eg fått meg to smøbrødre. Loke, som kom her 19. juli 2004, har vist seg å vera ein grei liten krabat. Men det er travelt å vere barnepassar... Han er høgt og lågt. Han får leike med alle bamsane mine, og det likar han. Og så leikar eg mykje med han og, og det likar han veldig godt! Og 9. mai 2006 kom lille Svirre-Virre frå Eid. Han og virkar som ein artig liten gut, oppfinnsom er han i allefall. Heldivis herjar han mest med Loke, og eg står mest for oppdragelsen av han og. Har og begynt å gå agility, og det er, til tider, veldig moro! Har no klart å oppnå premiering, så då vart alle i familien stolte av meg. Har tabba meg ut nokre gonger, for eksempel den gongen i Stavanger då eg tok stand i slalåmen når nokre fuglar flaug rett over hodet mitt.... Andre gonger har eg leikt "Lille Sniff", men det er helst når eg har syns at fatteren har vert "heilt bak mål". Då har eg sniffa og gjespa så godt eg berre kan, for det må då kunne gå an å roe seg litt ned når alle ser på oss? Men det skal vere litt spennande for både to- og firebeinte når ein er på konkurranse! Helsar til alle kjente i Valdres, til alle søskena mine og alle andre eg kjenner!!
|
||||
|
|
||||
|
|
||||
|
|
||||
|
Dette var Oddgeir sitt slips.... Uheldigvis |
||||
|
|
||||